Når våren nærmar seg, startar førebuingane til ei av dei mest spektakulære opningane av veg i Noreg. Om vinteren kan det ligge heile 12 meter snø oppå Nibbevegen, som fører oss opp til utsiktspunktet Geiranger Skywalk Dalsnibba, der dei alle fleste blir trollbunden.
Å opne denne vegen er eit presisjonsstykke som krev tungt maskineri, erfarne operatørar og avansert teknologi. Strekninga frå Oplenskedalen til Langevatn på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Strynefjellet er vinterstengt. Vegvesenet må setje i gang brøyting av denne vegen før vi opnar Nibbevegen for trafikk.
Det er ikkje lite som skal til. Her kan du brøyte og grave deg ned i litt fakta:
Maskinparken
Hjullastarar: 2 stk Volvo 110, kvar på 20 tonn.
Snøfresar: Øveråsen UTV 380 og 430. Sjå meir på overaasen.no
Gravemaskin: 1-2 stk, 25 tonns maskiner frå Kobelco.
Kven som brøyter: Frå og med 2026 er det Mesta som står for fresinga.
Kostnader: Alle kostnader for vegopninga står vi som driv Dalsnibba for. Det er derfor du må kjøpe billett for å køyre Nibbevegen.
Kapasitet og fremdrift
Gjennomsnittleg kapasitet: 700-800 meter per dag.
Variasjon: Kan vere nede i 300 meter på krevjande dagar, opp til 1 500 meter på gode dagar.
Avgjerande faktorar: Mengde og konsistens på snøen er svært avgjerande for framdrifta.
Arbeidsdagar i 2025: Cirka 10 arbeidsdagar frå oppstart til vegopning 12. mai.
GPS-teknologi og navigasjon
GPS-styring: Leica maskinstyring med eigne GPS-filer på vegen produsert av Machine Control.
Snødjubde: Vegen kan liggje under opptil 12 meter snø.
Kommunikasjon: Området har ikkje mobildekning – signal blir henta frå satellitt.
Infrastruktur: Basestasjonar er sette opp for å sende signal til maskinstyringsutstyret.
Snøforholda
Snølag: Snøen legg seg i lag frå oktober/november og ligg fram til våren – litt som ei kake med mange lag av snø og is.
Utfordringar: Islaga kan gjere jobben vanskeleg, og til tider kan isen vere hard som betong.
Arbeidsprosess: Snødjupna krev at hjullastar med fres må ha éi eller to gravemaskiner framføre seg for å redusere snømengda før vi gjer meir arbeid.
Vêr og sikkerheit
Utfordrande forhold: Snøskredfare, vind og kulde.
Gode dagar: Det er også dagar med strålande sol, blå himmel og skikkeleg påskestemning.
Sikkerheit: GPS og basestasjonar sikrar kommunikasjon og navigasjon i det vêrharde høgfjellet.
Erfaring og kompetanse
Maskinførarar: Mannskapet har rundt 30 års erfaring med brøyting og opning av høgfjellsvegar.
Kompetanse: Uvurderleg erfaring som også blir overført til yngre generasjonar.
Historikk: Forskjellege fresar har blitt brukte gjennom tidene, inkludert Peterfresen og ein beltefres som framleis er i bruk over Sognefjellet.
Tidlegare oppstart
Takka vere utviklinga på utstyrsfronten byrjar brøytinga av både Nibbevegen og Geirangerfjellet tidlegare enn før. Dette gjer det mogleg å opne vegane i god tid før sommarsesongen, som regel i løpet av mai
Vi gler oss like mykje kvart einaste år.
Vegstatus
Vegen opp til oss er no open
Vi er no inne i siste innspurt av sesongen og vegen vil vere open på dagtid frå kl 09.00 - 17.00 fram til sesongslutt. Ved fare for snø og/eller is vil vegen stenge på kort varsel.
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.