Opplevingar på høgste nivå

Følg reisa vår heilt mot toppen, eller klikk på pila under og hopp til meir informasjon og ofte stilte spørsmål og svar.  

Scroll-Driven Dot on Your Path
First Point

Året var 1881. Kleda var tjukke og tunge.

Framkomstsmiddelet hadde som regel éi enkel hestekraft. Likevel fekk banebrytande folk ein idé: Lat oss byggje ein veg til toppen av Dalsnibba, og gi alle gjestene som kjem hit ei fortryllande oppleving.

Second Point

Ideen mogna. Hestekreftene blei fleire.

I 1939 sto bilvegen klar. Vegen er eigd og drive av av oss som har røter her, og som vil vise fram fjellet til alle dykk som vil hit. Det har vi gjort med ingeniørkunst, spader, handmakt og litt kløkt.

Third Point

Vegen er verdt turen i seg sjølv

Alle er omgitt av det tilslørte månelandskapet. Her køyrer alle Nibbevegen opp, som i seg sjølv er verd turen, hårnålsving for hårnålsving.

Fourth Point

Framleis staden for framsynte tankar

No, over 80 år etter opning, ruvar Geiranger Skywalk 1 500 meter over havet, og med utsyn rett ned til verdsarvsfjorden vår. Her gir vi deg faktisk Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg.

Fifth Point

“O, mio dio”, “Oh mein Gott”, “Oh my God”

Og av og til “Ya Rabi”. Utsikta er til å miste munn og mæle av. Og det er ikkje så rart det kjem slike utbrot. Her er alle våre 200 000 gjester kvart år litt ekstra nære himmelen. Difor heiter vi «Geiranger Skywalk».

Seventh Point

Alltid skape opplevingar på høgste nivå

Her kan alle kome inn og kose seg med venlege smil, kaffi og bollar. Kanskje arrangere snøballkrig midt i juni. Og uansett sjå kva nytenkjande sunnmøringar får til.

Mobile Content
First Point

Året var 1881. Kleda var tjukke og tunge.

Framkomstsmiddelet hadde som regel éi enkel hestekraft. Likevel fekk banebrytande lokale folk ein idé: Lat oss byggje ein veg til toppen av Dalsnibba, og gi alle gjestene som kjem hit ei fortryllande oppleving.

Second Point

Ideen mogna. Hestekreftene blei fleire.

I 1939 sto bilvegen klar. Vegen er eigd og drive av av oss som har røter her, og som vil vise fram fjellet til alle dykk som vil hit. Det har vi gjort med ingeniørkunst, spader, handmakt og litt kløkt.

Third Point

Vegen er verdt turen i seg sjølv

Alle er omgitt av det tilslørte månelandskapet. Her køyrer alle Nibbevegen opp, som i seg sjølv er verd turen, hårnålsving for hårnålsving.

Fourth Point

Framleis staden for framsynte tankar

No, over 80 år etter opning, ruvar Geiranger Skywalk 1 500 meter over havet, og med utsyn rett ned til verdsarvsfjorden vår. Her gir vi deg faktisk Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg.

Fifth Point

“O, mio dio”, “Oh mein Gott”, “Oh my God”

Og av og til “Ya Rabi”. Utsikta er til å miste munn og mæle av. Og det er ikkje så rart det kjem slike utbrot. Her er alle våre 200 000 gjester kvart år litt ekstra nære himmelen. Difor heiter vi «Geiranger Skywalk».

Sixth Point

Vegen er verdt turen i seg sjølv

Alle er omgitt av det tilslørte månelandskapet. Her køyrer alle Nibbevegen opp, som i seg sjølv er verd turen, hårnålsving for hårnålsving.

Seventh Point

Alltid skape opplevingar på høgste nivå

Her kan alle kome inn og kose seg med venlege smil, kaffi og bollar. Kanskje arrangere snøballkrig midt i juni. Og uansett sjå kva nytenkjande sunnmøringar får til.

Menneska bak Geiranger skywalk dalsnibba

Lokalt engasjement på toppen av verda

Geiranger Skywalk Dalsnibba er meir enn eit utsiktspunkt – det er resultatet av generasjonar med lokalt engasjement og stoltheit over landskapet vi bur i. Sidan 1907 har Geiranger Skysslag vore driven av folk herifrå, med djup forankring i bygda og genuine ønskje om å dele naturarven vår med verda.

Lokalt eigd og drive

Vi er eit aksjeselskap der mange familiar i Geiranger har eigardelar, nokre gjennom fleire generasjonar. Dette sikrar at verdiskapinga blir verande i lokalsamfunnet, og at avgjerder blir tekne av folk som kjenner området og ser langsiktig verdien av det vi driv.

Tilsette som elskar opplevingar

Våre medarbeidarar – frå dei som opnar vegen om våren til dei som tek imot deg i kafeen – deler alle ein stoltheit over å jobbe med Geiranger Skywalk Dalsnibba. Mange av oss har vakse opp med utsikta frå Dalsnibba som ein naturleg del av livet. Andre kjem frå andre stader i verda fordi dei ønskjer å oppleve høgfjellet og fjordutsikta sjølv. No får vi dele denne kjærleiken med gjester frå heile verda.

Høgt engasjement

Som lokalt eigde bidrar vi aktivt i bygda – gjennom arbeidsplassar, samarbeid med andre lokale aktørar, og ved å vere ein pådrivar for berekraftig reiseliv. Vi er også stolte Miljøfyrtårn-sertifiserte, fordi ansvaret for miljøet rundt oss er noko vi tek på høgste alvor.

Ofte stilte spørsmål


Her finn du svar på vanlege spørsmål om oss, og korleis vi bidreg til lokalsamfunnet.

Kva er Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Geiranger Skywalk Dalsnibba er Europas høgste fjordutsiktspunkt frå bilveg, 1 500 meter over havet. Utsiktsplattforma vart opna i 2016 og gir besøkande ei fantastisk oppleving med utsyn over UNESCO verdsarvområdet Geirangerfjorden. Med rister i underlaget og glasrekkverk får du ei svevande kjensle medan du nyt panoramautsikta over fjord, fjell og fleire tusen år med forteljingar frå landskapet.

Kven eig og driv Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Geiranger Skywalk Dalsnibba er eigd og drive av Geiranger Skysslag AS, eit lokalt selskap med røter i bygda. Selskapet er 100% lokalt eigd, og har lang tradisjon for å utvikle og drifte Nibbevegen og utsiktspunktet. Dette sikrar at verdiskapinga kjem lokalsamfunnet til gode og at opplevinga er autentisk og forankra i lokal kultur og historie

Når vart Nibbevegen bygd, og korleis vart det mogleg?

Ideen om å byggje veg til Dalsnibba kom allereie i 1857. Etter kvart som teknologien utvikla seg, blei det mogleg å realisere denne ambisiøse planen. Nibbevegen stod ferdig i 1939 og var eit av dei mest imponerande vegprosjekta i Noreg på den tida. Dette var eit pionerprosjekt drive fram av lokale eldsjeler som såg potensialet i å gjere høgfjellsopplevinga tilgjengeleg for fleire.

Kva miljøtiltak har de på Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Vi er stolte av å vere miljøfyrtårnsertifiserte og jobbar kontinuerleg med berekraftstiltak. Dette inkluderer god avfallshandtering, energieffektivisering i bygga våre, og fokus på lokal mat i kafeen. Som ein del av verdsarvområdet har vi eit særleg ansvar for å ta vare på den unike naturen rundt oss.

Kvifor må vi betale for å bruke vegen til Dalsnibba?

Nibbevegen er ein privat veg. Billettane du kjøper i bommen går direkte til vedlikehald og drift av vegen og anlegget på Dalsnibba. Vedlikehald i dette høgfjellsområdet er krevjande med korte sesongar og tøft klima, og inntektene sikrar at vi kan halde denne unike opplevinga tilgjengeleg for gjestene våre år etter år.

Kva gjer Geiranger Skywalk Dalsnibba unikt?

Det som gjer oss unike er kombinasjonen av den ekstreme høgda (1500 moh.), den lette tilgangen med bil eller buss, og den spektakulære utsikta over UNESCO verdsarvområdet. Vi er det høgste utsiktspunktet i Europa som er tilgjengeleg via bilveg, og med vår moderne plattform med glasrekkverk får du ei heilt spesiell sveveoppleving.

Korleis bidreg Geiranger Skywalk Dalsnibba til lokalsamfunnet?

Mange ulike familiar i Geiranger eig aksjar hjå oss, og har gjort det i generasjonar. Vi er skipa for å gjere naturarven tilgjengeleg for alle, på våre eigne premissar. Som lokalt eigd bedrift bidreg vi direkte til verdiskaping og arbeidsplassar i Geiranger. Vi samarbeider tett med andre lokale aktørar, brukar lokale leverandørar når det er mogleg, og er ein viktig del av reiselivsopplevinga i regionen.

Korleis kan eg søke jobb hos dykk?

Vi søkjer medarbeidarar kvart år til sommarsesongen, gjerne i januar-februar. Stillingar omfattar kafé, butikk, bom, vedlikehald og reinhald. Du må vere over 20 år og ha førarkort klasse B. Følg med på nettsida vår og sosiale medium for stillingsutlysingar, eller send ein open søknad til post@dalsnibba.no.

Kva konkrete berekraftstiltak har de på Dalsnibba?

Vi er Miljøfyrtårn-sertifiserte, noko som inneber systematisk miljøarbeid. Konkret sorterer vi avfall, brukar energieffektive løysingar i bygga våre, prioriterer lokale leverandørar, og jobbar kontinuerleg med å redusere miljøavtrykket vårt. Vi tar også omsyn til sårbar vegetasjon i høgfjellet.

Korleis kan eg søke jobb hos dykk?

Vi søkjer medarbeidarar kvart år til sommarsesongen, gjerne i januar-februar. Stillingar omfattar kafé, butikk, bom, vedlikehald og reinhald. Du må vere over 20 år og ha førarkort klasse B. Følg med på nettsida vår og sosiale medium for stillingsutlysingar, eller send ein open søknad til post@dalsnibba.no.

Kven jobbar hjå dykk, og kvar kjem dei frå?

Dei faste medarbeidarane våre lever i Geiranger og nærområda. Sommarstaben vår blir utvida med studentar og ungdom frå regionen og verda elles. Dei fleste snakkar minst eit skandinavisk språk. Vi trur at lokalkunnskap og genuin kjærleik til området gjer oss til betre vertar. Nokre tilsette har jobba hjå oss gjennom fleire år – andre er nye, men like engasjerte.

Er de medlem av bransjeorganisasjonar eller nettverk?

Vi er aktive i reiselivsnæringa i regionen og samarbeider tett med andre aktørar i Geiranger og reiselivet, og er mellom anna medlem av Denne Stranda, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Fjord Norge.

Korleis sikrar de tryggleik på Nibbevegen?

Tryggleik er vår høgste prioritet. Nibbevegen blir vedlikehalde kontinuerleg, og vi investerer i oppgraderingar som ny asfalt, sikringsgjerde og utvida vegbreidde. Vegen blir også brøyta og kontrollert kvar vår før opning. Ved fare for uvêr, eller farlege mengder snø eller is stenger vi vegen.

Kva er planane dykkar for framtida?

Vi jobbar heile tida med å betre opplevinga for gjestene våre, samtidig som vi tek vare på naturen. Framover vil vi halde fram med berekraftstiltak, styrke samarbeidet med andre aktørar i Geiranger, og vidareutvikle tilbodet vårt – både for enkeltgjester og grupper. Vi har eit ansvar for å forvalte denne arven vidare til neste generasjon, og det tek vi på største alvor.

Har du spørsmål?

Vi er her for å hjelpe deg!

Opningstider

Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september. Vegen er døgnopen i sesongen.
Bommen er bemanna frå 9.00 til 17.00. Resten av døgnet kan du bruke utandørs betalingsterminal ved bommen.

Vegen og utkikspunktet

ca. mai–september

00:00–23:59

Butikk, kafé og toalett

mai–14.juni

09.30–17.00

15. juni–15. august

09.30–18.00

16. august–september

09.30–17.00