Når snøen endeleg er brøyta bort og Nibbevegen ligg klar, byrjar det omfattande arbeidet med å klargjere anlegget for ein ny sesong. Det er mykje meir enn berre å opne porten. Vi må sjekke, starte opp og klargjere alt frå tekniske system til alle fasilitetane, som fleire tusen gjester på Geiranger Skywalk Dalsnibba treng og får tilgang til gjennom sesongen.
Dette må vi gjere før vi kan opne:
Utgravingsarbeid
Installasjonar: Skilt, rekkverk, benkar og andre installasjonar langs vegen og ved utsiktspunktet må gravast fram etter å ha vore gravlagde under snømassane.
Bygningar: Inngangar, nødutgangar og tekniske rom må gravast fram.
Oppstart av tekniske system
Straum: Straumforsyninga blir skrudd på att. Vi driv eige aggregat for å sikre oss påliteleg straumforsyning i høgfjellet, sidan vi ikkje er knytte til det ordinære straumnettet.
Vatn: Vi har eigen brønn som forsyner anlegget med vatn. Vi må kontrollere alle røyr og system for eventuelle frostskadar før vatnet kan takast i bruk.
Toalett og sanitær: Toalett- og sanitæranlegga blir gjort klarefor sesongen.
Internett: Internettforbindelsen blir testa og sikra slik at vi kan drive butikk, kafé og eit avansert teknisk anlegg. Like viktig er at du som kjem på besøk kan sende spektakulære bilete heim til dine vener og familie,
Kontroll: Vi må kontrollere alle system grundig for å sikre trygg og effektiv drift gjennom heile sesongen.
Klargjering av bygningar og fasilitetar
Utvendig: Vindauge, dører og fasadar blir inspiserte, slik at vi eventuelt må byte ut glas eller anna som ikkje har tålt vekta av snøen og krafta frå vinden. Som regel har anlegget tolt kreftene.
Innvendig: Vi set møblar framføre peisen, gjer klart kafeen til å ta imot gjester frå heile verda og sjekkar alt anna utstyr.
Sikkerheitsutstyr: Sikkerheitsutstyr og alle system som har vore ute av drift gjennom vinteren må kontrollerast. Når alt er på plass er vi trygge til å opne anlegget for deg.
Sikkerheitskontrollar
Vegen: Vegen må inspiserast for skadar etter vinteren.
Sikring: Rekkeverk og sikringsinnretningar må vere i orden.
Rutinar: Alle sikkerheitsrutinar må vere klare.
Nødutstyr: Utstyr for å handtere eventuelle nødsituasjonar må vere tilgjengelege og klare til bruk.
Ansvar: Det er vårt ansvar å sikre at alle som er gjester eller jobbar her er trygge når de kjem til Geiranger Skywalk Dalsnibba.
Når alt er på plass, bygningane er klare, systema køyrer og vegen er sikker, er det endeleg tid for å ønske dei første gjestene velkomne til ein ny sesong på Dalsnibba. Det er ei spesiell kjensle å opne dørene etter den lange vinteren og sjå folk nyte utsikta og bygget att.
Vegstatus
Vegen opp til oss er no open
Vi er no inne i siste innspurt av sesongen og vegen vil vere open på dagtid frå kl 09.00 - 17.00 fram til sesongslutt. Ved fare for snø og/eller is vil vegen stenge på kort varsel.
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.