Når stengje Geiranger Skywalk Dalsnibba?

Når hausten kjem og dei første snøfnugga byrjar å falle, er det tid for å førebu Geiranger Skywalk Dalsnibba til den lange vinteren. Det er spesielt å forlate eit bygg og anlegg for så mange månader. Når vi låser dørene for siste gong før vinteren, veit vi at bygget snart kjem til å forsvinne under snøen. Det som i dag står synleg mot himmelen, vil om nokre veker vere heilt nedsnødd, skjult for omverda til våren kjem.

Denne kjensla av å overlate alt til naturkreftene, med visse om at vinteren vil vere lang og kald, er unik.

 

Dette må vi gjere før vi stengjer for vinteren:

Sikring av bygningar
  • Vindauge og dører: Alle vindauge og dører blir lukka og forsegla.
  • Laust utstyr: Alt blir teke inn eller sikra så det ikkje kan blåse vekk i dei kraftige vindkasta.
  • Vassystem: Vassystemet blir tømt fullstendig for å unngå frostskadar. Eitt utett eller ikkje tømt rør kan føre til store skadar når temperaturen stuper.
  • Elektriske system: Elektriske system blir slått av eller sette i vintermodus. Teknisk utstyr som ikkje skal stå på gjennom vinteren, blir teke ned på forsvarleg vis.
  • Verdigjenstandar: Alt av verdigjenstandar og utstyr som kan ta skade av kulde eller fukt, blir sikra eller flytta til vinterlagring nedi Geiranger.

Vinteren i høgfjellet
  • Ekstremt klima: Temperaturar langt under null, kraftig vind og enorme snømengder.
  • Nedsnødd: Bygninga blir gradvis snødd heilt ned, og kan forsvinne fullstendig under snømassane.
  • Krafta i naturen: Dette er naturen på sitt mest kraftfulle, og det er både fascinerande og audmjukt å vite at bygget vårt står der alle, beskytta berre av dei førebuingane vi har gjort.

Tekniske system i dvale
  • Aggregat: Står trygt sikra til våren.
  • Brønn: Forsvarleg stengt.
  • Toalettanlegg og internett: Sett i dvale for vinteren.
  • Eige ansvar: Vi eig og driftar alle desse systema sjølv, noko som gir oss full kontroll, men også fullt ansvar for at alt er klargjort for dei krevjande månadene som kjem.

Når alt er sikra og vi køyrer ned frå fjellet for siste gong, er det med ei blanding av vemod og forventing. Vinteren vil vere lang, men vi veit at våren kjem. Og med ho kjem brøytemannskapa, oppstarten, og ein ny sesong på Noregs og kanskje verdas mest spektakulære utsiktspunkt.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no open

Vi er no inne i siste innspurt av sesongen og vegen vil vere open på dagtid frå kl 09.00 - 17.00 fram til sesongslutt. Ved fare for snø og/eller is vil vegen stenge på kort varsel.

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no stengt

Vi er stengt for sesongen, og vil nytte høve til å takke alle som har besøkt oss denne sesongen.

Vi gleder oss til å opning i mai 2026 og håper at du kjem opp til oss!